Skal vi sitte roleg og vente på ei matkrise også?

BRASIL: I realiteten er det Brasil som opprettheld både det norske landbruket og oppdrettsnæringa. Laks, sau, gris, storfe og høns vert fora med soya herifrå.

BRASIL: I realiteten er det Brasil som opprettheld både det norske landbruket og oppdrettsnæringa. Laks, sau, gris, storfe og høns vert fora med soya herifrå. Foto:

Av
DEL

Meiningar

Norge har i dag under 40 prosent sjølvforsyning av mat, og den minkar år for år. Europa legg ned meir landbruksareal i prosent enn Norge. Folketalet i verda aukar med minst 190 millionar årleg. Vi er i dag framimot åtte milliardar menneske på kloden og må om 50 år produsere 70 prosent meir mat enn dag for å halde tritt med folketilveksten.

Minst ein milliard menneske svelt, eit tal som berre aukar. Samtidig vil 30 prosent av jordarealet vere brukt til vegar, husbygging og industri om 15 år, viss sløsinga held fram som i dag.

Norge aukar den militære beredskapen for å førebygge åtak, men i matberedskapen verkar det for meg som politikarane ryggar inn i framtida med bind for auga utan tanke for ei mogeleg matkrise. Dagens politikarar har vakse opp i oppgangstider, men vi kan ikkje ete aksjar og pengar, så vidt eg veit. For mindre enn fem månader sidan avviste regjeringa eit krav frå Stortinget om å bygge opp att eit beredskapslager for korn. Kornsiloane staten kvitta seg med i 2003 kunne lagre korn for eit halvt års forbruk. No skal ein satse på å kjøpe korn frå andre land, også fattige, og at importen aldri skal svikte.

I realiteten er det Brasil som held oppe både det norske landbruket og oppdrettsnæringa. Laks, sau, gris, storfe og høns vert fora med soya herifrå. No driv Brasil slik Venezuela har drive sitt landbruk. Regnskogen vart avverka så langt auga kunne sjå og brukt til dyrking av soya. Etter fem år var jorda totalt utpint, og på åtte år blei sjølvforsyningsgraden av dyrka vekstar redusert frå 52 til 46 prosent.

Norge har for sin del redusert kornarealet sitt frå 3,6 til 2,8 millionar dekar. I fjor måtte vi importere 61 prosent av matkornet og 52 prosent av råvarene til kraftfor.

Dei siste månadene med koronakrise bør ha opna auga våre for at Norge ikkje kan halde fram slik. Nye kriser kan komme i form av pandemiar, uår, klimaendringar, krig og/eller blokadar av transportvegar. Då vil kvart land tenkje på seg sjølv, og Norge vil som eit lite land slite hardt.

Sjølv er eg fødd i 1937 og hugsar oppveksten under krigen. Vi levde på røykesild, spekesild, solsild og poteter. Eg hugsar enno lukta av nysteikte kveitebrød som butikkar selde, men vi ikkje fekk smake. Smøret var laga av kvalfeitt og var svært dårleg på smak. Eller så var det feitt frå steikt flesk. Deler av grisen vi slakta til jul, sende far min til Bergen slik at søskena hans skulle ha litt kjøtt til jul. Dei tre siste krigsåra vart stadig mindre mat produsert i Norge.

Eg skriv dette for å minne om at alle goda vi har i dag, ikkje må takast for gitt. Det kan koste oss dyrt. Koronakrisa lamma heile verdsøkonomien på få dagar, og beredskapen på utstyr for å takle smitten blir hardt kritisert. Styresmaktene i landet vårt må ta skeia i ei anna hand og syte for ein heilt anna beredskap, og ikkje minst større sjølvforsyning, også på eit annan område. Eg tenkjer på det vi alle treng: Mat.


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags