Det skal gjerast vedlikehaldsarbeid på tre bruer mellom Værlandet og Bulandet. Vegen vil vere stengd i periodar på 15 minutt, utanom ferjeavgangane. Nokre veker blir vegen steng i fleire timar.
Bruene det gjeld er Langøysundbrua, Brattholmsundbrua og Åsgarden.
Dei første vekene med lange stengingar er veke 21, frå måndag 22. mai. Deretter vil det bli berre kortare stengingar i tre veker, før langtidsstengingane startar opp at i veke 25 og 26.
Bruene skal overflatebehandlast for å hindre rust på stålkonstruksjonen. Vestland fylkeskommune skriv at det er vanskeleg å seie eksakt når arbeidet vil vere ferdig.
– Dette arbeidet er veldig vêravhengig, og vil nok halde fram utover sommaren, seier Kenneth Endestad Tennefoss, byggeleiar i Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Stengingstider i veke 21, 25 og 26:
- kl. 08.35 – 10.15
- kl. 11.00 – 12.25
- kl. 13.10 – 16.10 (opning for buss kl. 14.30, 14.55, 15.30 og 16.00)
- kl. 16.50 – 19.20
Vegen kan opnast for utrykkingskøyretøy.

SJÅ BILDA: Folkeliv på Stongfjordfestivalen

I dag kom «MS Stangfjord» heim. Fleire måtte tørke tårer
