Gå til sidens hovedinnhold

Skal skifte ferjelemmen i Ortnevik. Stenger for bilar i ti dagar

Som følge av arbeid på kaia i Ortnevik, blir ferjeovergangen stengt for biltrafikk i halvanna veke.

Vestland fylkeskommune skal skifte ferjelemmen på Ortnevik ferjekai. For å kunne gjennomføre utskiftinga blir kaia stengd for biltrafikk frå 25. mai klokka 13.30 til 4. juni klokka 12.00.

I denne perioden kan ferja nyttast til passasjertransport etter normale ferjeruter, til og frå Ortnevik.

Noko førebuande arbeid har starta opp, og Høyanger kommune melder om at arbeidet kan medføre noko støy. I hovudsak på dagtid.

Om du skal krysse Sognefjorden i denne perioden, er det tilrådd å køyre om via ferjesambandet Oppedal-Lavik på E39.

Kommentarer til denne saken