Skal pirre øybuane

STOR OPPGÅVE: Ein får håpe Alfred Bamse lukkast bedre med øybuane enn med denne slappe kosebamsefrøkna.

STOR OPPGÅVE: Ein får håpe Alfred Bamse lukkast bedre med øybuane enn med denne slappe kosebamsefrøkna. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Alfred Bamse skal auke formeiringslysta i ytre Askvoll.

DEL

Bu-Lyst prosjektet i Værlandet og Bulandet har løyvt 10.000 kroner for å skape bulyst, heimlengsel og forplantningslyst i ytre strok av Askvoll kommune. Løyvinga gjekk til ein teddybjørn som lyder namnet Alfred Bamse.

- Korleis skal Alfred Bamse auke formeiringslysta i øyane? spurde Firda Bamse-manager Kurt Rutledal.

- Jau, han han har høyrt at formeiringslysta aukar dess meir nøgde folk er. Dess blidare folk er, dess meir formeirer dei seg, meinar han.

- Det er ikkje snakk om å gå meir konkret til verks, altså?

- Nei, han er for gammal, og han meiner at managaren er for gammal, han og, til å bistå med dei reint praktiske sidene av saka, seier Rutledal.

Nøgde folk formeirer meir

- Men han har høyrt nyss om at det viktig å halde folk nøgde og blide og stolte av staden dei bur på , så han satsar på å nå målet gjennom bivirkningar av det.

- Og korleis skal Alfred Bamse halde folk i Askvoll nøgde og blide og stolte av staden dei bur?

- Det er å lage små skrytereportasjar om Askvoll kommune, og så er han begynt å legge ut bilder av ti stader i kommunen som folk skal finne ut kvar er, så folk skal bli blide. Han har gjort det med litt ujamne mellomrom så langt, men no gjer han det kvar laurdag, seier Rutledal.

- Og så har han laga bok, og har tenkt å fortsetje å fare og forske litt.

- Så no blir det avsløringar?

- Nja, Alfred Bamse befattar seg berre med poistive ting, noko anna skjønar han ikkje. Han manglar eit gen der, han ser berre positive ting.