Skal Lutelandet eksporterast?

BEKYMR: Vi har ikkje fått forsikringar frå SFE som kan få oss til å tru at Lutelandet Energiverk blir verande i heileigd norsk og offentleg eigarskap. At naturen, og det naturen gjev oss, kan kome på utanlandske hender bør også fleire enn oss vere bekymra for, skriv Einar Rysjedal (bildet) og Ingunn Kjelstad.

BEKYMR: Vi har ikkje fått forsikringar frå SFE som kan få oss til å tru at Lutelandet Energiverk blir verande i heileigd norsk og offentleg eigarskap. At naturen, og det naturen gjev oss, kan kome på utanlandske hender bør også fleire enn oss vere bekymra for, skriv Einar Rysjedal (bildet) og Ingunn Kjelstad. Foto:

Av
DEL

Meiningar

I lesarinnlegg i Firda 8. februar stilte vi spørsmål til Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) om eit tenkt vindkraftverk på Lutelandet ville forbli på norske hender.

Svaret frå SFE kom langt om lenge, men først etter purring (sjå artikkelen «Lutelandet på utanlandske hender!» som også står under Synspunkt). Svaret frå SFE var som frykta: Vindkraftverket på Lutelandet kan hamne på utanlandske hender.

Korkje konserndirektør Johannes Rauboti eller styreleiar Per Atle Kjøllesdal vågde å garantere at det ikkje vil skje. Dei har «ikkje mandat til å stadfeste kva SFE skal foreta seg for all framtid», skriv dei i e-post til Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn.

Nei vel, så har dei ikkje mandat til anna enn denne halvkvedne visa. Men vi håpa, ærleg tala, at konserndirektør og styreleiar, kunne svara utifrå kva som er strategien til SFE.

Men strategien skriv dei lite om – det nærmaste er å nemne SFE sine vasskraftverk og at «SFE eig, driftar og utviklar i dag vasskraftverk som er 100 år gamle, noko som burde vere det beste bevis på langsiktig og lokalt eigarskap».

SFE si nære historie viser ikkje den same langsiktige og lokale eigarskapen når det gjeld vindkraft. Dei to vindkraftverka Hennøy Svelgen Vindkraft og Okla Stadt Vindkraft var eigd av det heileigde norske Vestavind Kraft AS. Dette selskapet skifta namn til Falck Renewables då SFE selde aksjemajoriteten på 80 prosent til det børsnoterte italienske selskapet Falck Renewables S.p.a. med base i Milano.

Vi har ikkje fått forsikringar frå SFE som kan få oss til å tru at Lutelandet Energiverk blir verande i heileigd norsk og offentleg eigarskap. At naturen, og det naturen gjev oss, kan kome på utanlandske hender bør også fleire enn oss vere bekymra for – ikkje minst Fjaler kommune.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags