Skal ikkje politikarar ta balanserte avgjerder?

Har vi ha ein utvalsleiar, eit SP og eit Ap som ikkje kunne balansere når det gjaldt idrett og kultur – og ikkje hadde avklart begge sidene av saka før vedtaket blei gjort? spør Astrid Wittersø.

Har vi ha ein utvalsleiar, eit SP og eit Ap som ikkje kunne balansere når det gjaldt idrett og kultur – og ikkje hadde avklart begge sidene av saka før vedtaket blei gjort? spør Astrid Wittersø. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Har vi politikarar som ikkje tek det ansvaret vi har gitt dei? Skal ikkje politikarar sette argument mot kvarandre og finne balanse og rettferdigheit i viktige vedtak dei gjer?

Leiar i Kulturutvalet sa (nedskrive av Firdajournalist) - nær avslutninga av kommunestyremøtet 10.12.2020:

«Eg er leiar i utval som skal jobbe både for kultur og idrett, også samfunn- og næringsutvikling. Denne saka handlar om alt dette, men set dessverre ting opp mot kvarandre. Vi som politikarar må velje. I denne saka er det mange gode argument for begge dei to alternativa vi sit att med, så veg vi ulike moment ulikt. For min del er det ikkje avgjerande at idretten har ei 11-arbane akkurat der den ligg, men vi har ikkje eit fullgodt alternativ for erstatning. Kommunedirektøren sitt svar om Hallbrend har ikkje gjort meg tryggare. 5 er difor vanskeleg å velje, det betyr ikkje at 7 er enkelt. Det er ikkje lenge sidan eg gjekk ut og sa at vi burde ha meir kunst og kultur. Engasjementet syner at det vil mange andre også ha. Om det ikkje skulle la seg gjere å behalde Laksen, vil eg peike på engasjementet, og at det betyr at få på plass eit nytt kunstverk. Og ikkje berre eitt, men mange.»

Utvalsleiar la vekt på at det kanskje ikkje er eit fullgodt alternativ på Hallbrend. Han la ikkje vekt på om 11-bane ligg framfor Førdehuset og sa ikkje noko om det finnast andre plasseringar for 11-bane.

Utvalsleiar la ikkje vekt på uavklart forhold til Laksen. Han visste at det er to val ein kan ta: Å la Laksen ligge der han ligg med rom rundt seg - eller la kommunen/politikarane krevje fjerning av kunstverket.

Utvalsleiar sa at politikarane må velje når ting blei sett opp mot kvarandre.
Han vektlegg uavklart misnøye i sporten/fotballen - og tør ikkje ta val når det gjaldt kulturen/kunsten. Har vi ha ein utvalsleiar, eit SP og eit Ap som ikkje kunne balansere når det gjaldt idrett og kultur – og ikkje hadde avklart begge sidene av saka før vedtaket blei gjort?

Denne saka må opp igjen i kommunestyret!

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken