Gå til sidens hovedinnhold

Skal Høgre gå til val på nye tvangstankar?

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Neste haust er det stortingsval. Denne veka la Høgre fram sitt forslag til kva politikk dei vil styre landet etter, dersom dei får halde fram i regjering etter valet i 2021. Blant dei mange dårlege forslaga, kan ein lese at Høgre både vil «vidareføre kommunereforma» og «vurdere vidareføring eller nedlegging av fylka som forvaltningsnivå».

Dei siste åra har Høgre slått saman kommunar i heile landet, uavhengig av om det er lokalt ønske om det eller ikkje. Resultatet er at tal kommunar har vorte redusert frå 428 til 358. Det er fleire dømer på at nei-fleirtal i verken folkerøystingar eller blant lokale folkevalde er nok til å hindre Høgre-regjeringa i å gjennomføre samanslåingar. At dei seier at dei vil halde fram med det, er respektlaust ovanfor lokaldemokratiet.

Meiner Høgre at nye storkommunar som Sunnfjord, Kinn og Sogndal må ta enno ei runde med nabopratar? Meiner Høgre at kommunar som Gloppen og Luster, som har sagt tydeleg at dei ønskjer å halde fram som eigne kommunar, må bruke meir krefter på å forsvare sin livsrett?

Samstundes med at Høgre har slått saman kommunar, har dei halvert tal fylke. Argumentasjonen var at større fylke ville kunne få fleire oppgåver og meir ressursar frå staten. Utover at vi har fått større fylke, har ikkje regjeringa har ikkje levert på nokon punkt – og no vil altså Høgre avgjere kor vidt norske fylke fortener å overleve, på bakgrunn av si eiga mislykka reform. Eg er ikkje veldig spent på utfallet.

At Høgre ønskjer å legge ned fylkeskommunen er nemleg inga nyheit. I politikken Høgre gjekk til val på i 2017, står det rett fram at Høgre vil «leggje ned fylkeskommunen». I samarbeid med Frp, Venstre og KrF, fekk dei i første runde gjennomslag for å kvitte seg med halvparten av fylka våre. Dette innebar mellom anna at Sogn og Fjordane og Hordaland blei slått saman til Vestland.

Meiner Høgre at dei, etter å brukt mykje krefter og pengar på å bestemme ein ny fylkesstruktur som dei fleste er i mot, allereie vurderer å legge ned heile det fylkeskommunale nivået?

I motsetning til Høgre som vil halde fram med å redusere tal kommunar og fylke, vil Senterpartiet la kommunane bestemme sjølv. Vi veit at det ikkje er store areal og høge innbyggartal som skapar gode lokalsamfunn. Gode lokalsamfunn blir til gjennom gode tenester, små avstandar og eit levande lokaldemokrati.

Les også

Driftssprekk auka med 20 millionar på éin månad

Les også

Klakegg skuldar dårleg økonomi på kommunereforma, men dei fire Sunnfjord-kommunane hadde allereie problem

Les også

Senterungdommen bør starte med sine eigne

Kommentarer til denne saken