Gå til sidens hovedinnhold

Skal hente 6000 meter borekjerner frå Engebøfjellet

Artikkelen er over 5 år gammel

Nordic Rutile startar prøveboring i Engebøfjellet i komande veke.

Det opplyser utforskingsleiar Mona Schanche, som saman med geolog Steinar Kleppe orienterer bygdefolk og andre interesserte på eit møte i Vevring i kveld.

Underprøveboringa skal det takast ut til saman 6000 meter borekjerner, som deretter skal gjennom eit omfattande analysearbeid. Prøveboringane er venta å vare i om lag to månader. Føremålet med prøveboringane er å danne seg eit bilete av korleis malmen ligg inne i fjellet, og kor rein den er, seier Kleppe og Schanche.

- Under tidlegare prøveboringar er det tatt ut 15.000 meter borekjerner.

Vil vite meir om kvaliteten

- Vi veit mykje om korleis malmen ligg, men treng å vite meir om kvaliteten, og om korleis malmen ligg på spesielle stader, seier Schanche. I prøveboringsperioden kjem fire borarar til å arbeide på fjellet, til saman ti personar vil vere invoilverte i prøveboringa med boring og geologiske undersøkingar.

Mona Schanche seier at prøveboringa som no skal gjerast er eit viktig steg fram mot realisering av prosjektet.

Kommentarer til denne saken