Trafikkoperatør Kjetil Larsen ved Vegtrafikksentralen fortel at dei har fått fleire meldingar om glatte vegar.
– I området rundt Flom og Aurland har vi fått ein del meldingar. Det er eigentleg glatt heile vegen som strekker seg frå Voss, seier han.
Han fortel også at nokre bilistar ikkje har tort å køyre i området rundt Aurland, som følge av glatta.
Også på fv. 609 langs fjorden har Larsen fått melding om vegen.
– Der er det veldig, veldig glatt.
Glatt i Årbergsdalen
Like over klokka 15.30 melder journalist David Antonsen i Firda om at det er svært glatt i området mellom Årbergsdalen og Sande i Gaular.
– Det er klink is. Ein må ligge i 40-50 kilometer i timen. Ein har null grep, seier han.
Elles på E39 mellom Bergen og Førde har det vore greie køyreforhald.
– Køyr forsiktig
Trafikkoperatør Larsen forventar at det blir ein del trafikk utover dagen 2. juledag.
– Det er ein del folk som flyttar seg, enten dei skal heim frå julefeiringa eller dei reiser til anna familie. Det blir nok litt folk på vegen utover, seier han til Firda på morgonkvisten.
Til dei som skal ut å køyre i dag seier han dette:
– Køyr forsiktig. Sjå an forholda og tilpass farten deretter.
Enn så lenge har det ikkje vore ulykker på vegen, fortel Larsen.