Skyss.no melder på sine trafikksider at flybussruta FB59 til Førde lufthamn Bringeland vil ha fire framskunda avgangar gjennom torsdagen.

Nærare bestemt vil dei fire avgangane ha éin time tidlegare avgang enn opphavleg avgangstid.

Årsaka til at dette skjer, er at det blir bytta utstyr i sikkerheitskontrollen ved flyplassen.

– Vi skal bytte ut ei maskin i sikkerheitskontrollen. Forhåpentlegvis er det gjort i løpet av nokre timar, men vi har sett opp tidlegare avgangar ut over dagen, i tilfelle det tar lengre tid enn planlagt, seier Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef ved Bringeland.

Han fortel at maskina som skal bytast ut er begynt å bli nokre år, og at det er eit rutinemessig byte.

– Dei må utføre sikkerheitskontrollen manuelt, ved å fysisk gjennomgå all bagasje som skal inn i flyet. Derfor tar sikkerheitskontrollen lengre tid, seier Gjesdal.

Alle som skal fly frå Førde lufthamn på torsdag skal ha blitt varsla via Widerøe sitt SMS-system.

Skyss oppgir dei nye avgangstidene slik:

Avgang kl. 08.20 frå Vieåsen: Ny avgangstid kl. 07.20.

Avgang kl. 12.00 frå Vieåsen: Ny avgangstid kl. 11.00.

Avgang kl. 14.45 frå Vieåsen: Ny avgangstid kl. 13.45.

Avgang kl. 17.40 frå Vieåsen: Ny avgangstid kl. 16.40.