Gå til sidens hovedinnhold

Skal du reise heim til jul, er rådet å planleggje i god tid

For buss-, tog- og flyselskapa er det ekstra mykje å tenkje på før årets store julerush. Dei ber publikum om å skaffe billettar og reservere i god tid.

Den store fartinga startar om få veker. Mange skal heim til familie og venner i jula. Tradisjonelt er den mest hektiske reisesesongen dette året. For transportselskapa er det ekstra utfordrande å leggje til rette for gjennomføring under ein pandemi.

– For å sikre at det er avstand mellom reisande som ikkje reiser saman, er det færre sete til sals om bord. For dei som kan, tilrår vi å unngå dei store utfartsdagane som normalt er dei siste dagane før julaftan og nyttårsaftan, seier kommunikasjonssjef Gina Scholz i Vy.

Vy ser at folk er avventande og bruker tid på å bestemme seg, og at fleire bruker fleksible billettar som det er mogleg å avbestille.

På Bergensbanen der det blir reservert plass, køyrer toga med 50 prosent setekapasitet. Dei som reiser åleine, får setet ved sida av reservert slik at det står tomt. Er ein fleire som reiser saman, blir det lagt til rette for at ein kan sitje saman. Bortsett frå Bergensbanen er det ikkje setereservasjon på dei andre Vy-toga på Austlandet, som til dømes til Halden, Skien og Lillehammer. Her er det ekstra viktig å tenkje på avstand og planleggje kva avgangar ein vel.

Les også

Innspurt før koronavaksinen kjem til Noreg: – Vi jobbar som galne

Kan forlengje toget

Dei to andre nye tog- og busselskapa kjem òg med den same beskjeden og ber publikum bestille og reservere plass tidleg sidan dei berre har 50 prosent setekapasitet. SJ som dekkjer toga nordover med mellom anna Dovrebanen og Nordlandsbanen, kan forlengje toga om det blir stor pågang.

– Planlegg i god tid. Det kan bli utseld, både på grunn av smitterestriksjonane og at fleire reiser no til jul og nyttår, seier kommersiell direktør Lena Angela Nesteby i SJ.

Sørtoget som går mellom Stavanger og Oslo, seier at det skal få alle heim, viss dei reisande er flinke og bestiller i god tid.

– Grunnen til at vi ønskjer at folk reiser tidleg, er smittereglane og at vi derfor berre har 50 prosent setekapasitet. Når toget er halvfylt, er det fullt. Bestiller ein tidleg er det lettare å få dei billettane ein vil ha, seier pressekontakt Dag Brekkan i Go-Ahead.

Og alle togselskapa ber folk pakke greitt, så dei kjem trygt av toget og får med seg alt når ein kjem fram på stasjon.

Alternativ rute

Billettselskapet Entur, som koordinerer for offentleg kollektivtrafikk i Noreg, tilrår publikum å planleggje tidleg og kanskje vurdere alternativ transport ved å kombinere tog og buss.

– I reiseplanleggingstenesta vår kan ein sjå breidda av kollektivtilbod og finne alternative måtar å reise på, seier Even Kyseth som er direktør for service og kommunikasjon i Entur.

Hans beste råd for dei som vil unngå julerushet og som har moglegheita, er å reise tidleg og velje upopulære avgangar.

Les også

Solberg: Det skal vere mogleg å dra heim til jul

Fleire fly i lufta

Flyselskapa melder om at dei no gjer seg klare til å ta imot passasjerane som skal reise. Alle set opp fleire fly og ruter før julerushet. Og for nokre er julesalet i gang.

– På grunn av etterspurnaden set vi opp 62 ekstraavgangar i jula fordelt på dei fleste rutene våre. Billettane blir lagt ut for sal i samband med julesalet vårt som startar torsdag, seier pressekontakt Christer Baardsen i Norwegian.

Han ber folk om å vere tidleg ute med flybillettane til jul.

SAS har òg utvida tilbodet til 129 ruter og 82 direktefly i jula.

– Vi aukar både talet på ruter og fleire direkteruter i Europa i samband med jula. Det er mange som skal reise for å komme heim i jul, i tillegg til jobbreiser, seier John Eckhoff som er kommunikasjonssjef for SAS i Noreg.

Widerøe har òg sett opp fleire direkteruter for at folk skal sleppe unødvendig mellomstopp. Dei ser at dei reisande har byrja å tenkje på jula allereie, og enkelte avgangar byrjar å fylle seg opp.

– Den tradisjonelle utfartsperioden er òg nokre dagar lengre i år enn det han var i fjor på grunn av plasseringa til jula. Vi forventar derfor at juletrafikken i år blir spreidd over fleire dagar, seier kommunikasjonskonsulent Lina Lindegaard Carlsen i Widerøe.

Les også

Lysten på Ikea-tur og julehandel i Bergen? Kommuneoverlegen er klar i sin dom

Kommentarer til denne saken