Skal du mellom Førde og Askvoll i neste veke blir det ventetid

VENTETID: Kvernbergtunnelen er blant dei to tunnelane på fv. 609 der det vil skje arbeid den kommande tida. Foto: Sigurd Løseth
Det vil bli arbeid i både Kvernbergtunnelen og Nordheitunnelen på fv. 609 i neste veke.
Det melder Vestland fylkeskommune på sine nettsider.
Det blir arbeid i Kvernbergtunnelen i tre netter frå og med tysdag kveld, og i Nordheitunnelen på same veg startar ei meir omfattande rehabilitering i perioden.
Tysdag til fredag
Arbeidet i Kvernbergtunnelen, tunnelen som ligg nærast Førde, startar tysdag kveld og vert avslutta fredag morgon. I tidsrommet 18:30 til 22:00 vert vegen stengd i inntil tre kvarter, medan det kan bli stengingar på inntil to timar resten av natta fram til klokka 06:00.
I Nordheitunnelen, som ligg på toppen av bakkane mellom Blomlia skisenter og Solheimsdalen, er det eit meir omfattande arbeid som startar opp, ifølgje fylkeskommunen.
Tunneloppgradering
Her skal dei gamle tunnelplatene erstattast for å sikre betre mot vatn og frost. Tunnelen skal også sikrast med boltar for å hindre nedfall av stein.
Dett arbeidet vil pågå frå måndag til og med torsdag i vekene. Stengetidene vil variere litt frå dag til dag. Arbeidet i Nordheitunnelen skal gå til ut oktober, men med sommarferie frå veke 28 til 31.
Slik blir tidene:
Måndag | Tysdag og onsdag | Torsdag |
10:10 – 11:30 12:00 – 12:40 12:45 – 14:55 15:00 – 15:30 16:30 – 17:30 17:35 – 18:30 | 07:00 – 07:35 07:45 – 08:20 08:30 – 10:05 10:10 – 11:30 12:00 – 12:40 12:45 – 14:55 15:00 – 15:30 16:30 – 17:30 17:35 – 18:30 | 07:00 – 07:35 07:45 – 08:20 08:30 – 10:05 10:10 – 11:30 12:00 – 12:40 12:45 – 13:30 |
Kommentarer til denne saken