Både i Naustdal og Førde skal det no bli meirope bibliotek. I Naustdal treng ein ikkje stenge.
– Førde bibliotek har ikkje vore pussa opp på 20 år, så det krev meir arbeid, seier Jorunn Systad, som er einingsleiar bibliotek i Sunnfjord kommune.
Systad er glad for å komme i gang, som ho seier er fem år på overtid. Ein har venta på moglegheitsstudia og strategiplanen for Førdehuset. Så medan dei fleste norske bibliotek har blitt meirope, har dei måtte smørje seg med tolmod.
– Det har vore ein lang prosess. Det er litt flautt kor seint ute vi er i høve meirope bibliotek i Førde. På Sande var det klart alt i 2019, men no er vi endeleg i gang, seier ho.
Systad seier det blir meir brukarvennleg for lånarar.
– Meirope bibliotek betyr at lånekortet ditt blir eit nøkkelkort, som gir tilgang til biblioteket utanom betent opningstid, seier ho.
Må jobbe på spreng i seks veker
– Korleis er det for ein biblioteksjef å stenge så lenge?
– Dramatisk, men vi treng tida. Vi har 40.000 bøker som skal ut og inn igjen i hyllene. Med dei personellressursane vi har, så tek det tid. Sjølve ombygginga skjer i løpet av dei første tre vekene, og resten går til å komme opp og gå igjen, seier ho.
– Det er også leveringstid på utstyr og vi treng tida til å teste ut nye system, seier bibliotekar Torunn Rygg.
Dei nye opningstidene kunne ha blitt endå meir utvida. Det skuldast at Førdehuset er eit stort bygg med mange inngangar, så her må ein følge opningstida på huset.
– Vi får ny inngangsdør, men ikkje eigen inngang utgang. På Sande er biblioteket ope kvar dag frå 07.00–22-00. Det blir truleg litt mindre i Førde. Det kjem vi tilbake til nærmare nyopninga, seier Systad.
Biblioteket blir tilgjengeleg sju dagar i veka, men får færre timar med bibliotekarar på jobb. Ombygginga blir gjennomført med eigne prosjektmidlar og støtte frå fylkeskommunen og Nasjonalbiblioteket.
– Ombygginga er kostnadsrekna til 1.700.000 kroner, seier Systad.
Nokre år på overtid
Rygg har jobba på Førde bibliotek sidan 2000, og huskar førre oppussing. Før den var det gule hyller, teppe og retro-preg.
– Vi var nøgde med å ha fått eit lysare, lettare lokale. No gler eg meg til å få meir fargar igjen, seier Rygg og smiler.
– No blir det meir fargar. Vi opnar og meir opp mot elva og naturen og lagar gode soner å opphalde seg i, seier Systad.
Systad seier biblioteket i dag er inviterande stad. Det håpar dei å forsterke med oppussinga.
– Vi gir lokala eit stort løft så dei blir enno meir innbydande. Vi håpar det blir ei oppleving å vitje oss og at folk føler seg trygg på å komme på kveldstid åleine, seier Systad.
Lokala er designa av Mette Heimtun. Ho har designa bibliotek i Gloppen, på Skei og Alver, med stort fokus på gjenbruk.

Inge Rygg (69): – Eg er i for god form til å gje meg som frisør

Først hadde Astrid knapt konkurranse. No er situasjonen ein heilt annan
