Skal du køyre mellom Vadheim og Balestrand? Her er det ventetid

VEGARBEID: Tussviktunnelen ligg på fv. 55 mellom Høyanger og Balestrand.

VEGARBEID: Tussviktunnelen ligg på fv. 55 mellom Høyanger og Balestrand. Foto:

DEL

Tussviktunnelen på fv. 55 kan bli stengd i inntil 45 minutt grunna vegarbeid. Arbeidet starta 14. april og skal etter planen vere ferdig 3. juni.

Skal du køyre her må du vere budd på å vente. Arbeidet held på:

Måndag til torsdag frå 08.30 til 15.00 og frå 16.30 til 18.30.

Stengingane er redusert til inntil 15 minutt frå klokka 07.30 og 08.30 og klokka 15.00 til 16.30, melder Vegvesenet.

Også på E39 i Instefjord er det vegarbeid, men der blir trafikken dirigert manuelt. Arbeidet held på måndag til torsdag frå 07.30 til 18.30. Dette gjeld fram til 23. april, opplyser Vegvesenet.

Hald deg oppdatert på alle vegmeldingane på vegvesen.no.

Artikkeltags