Gå til sidens hovedinnhold

Skal du heim til jul? Dette er status på vegane

I låglandet er det bart føre, medan det no bles opp på dei snødekte fjellovergangane.

Klokka 17.00 er stort sett alle fjellovergangane til og frå Vestland fylke opne. Men det kan fort snu.

– Vinden byrjar å dra seg til. Vi må nesten berre vente og sjå kva som skjer, men det er stor fare for at det blir kolonnekøyring på fleire av fjellovergangane i løpet av kvelden, seier trafikkoperatør Eirik Elnes hos Vegtrafikksentralen i Bergen.

Det er stort sett snø- og isdekke over fjellet, så ein må køyre forsiktig, oppmodar han.

– Om ein skal ut og køyre no ville eg pakka med mat, kle og drikke i tilfelle ein må vente i kolonne. Hugs også å ha nok straum på bil og mobil, seier Elnes.

Status for fjellovergangane:

  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke. Klokka 13.40 var det 0 grader, laber bris og snøbyer.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt grunna uvêr. Ny vurdering veslejulaftan klokka 08.00.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Vekslande bart og vått, tynn is, snø- og isdekke og redusert sikt grunna snøføyk. Fare for elg. Klokka 15.15 var det 1 grad, austleg frisk bris og middels snø.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Stort sett snø- og isdekke. Klokka 13.30 var det -3 grader, laber bris og opphaldsvêr.
  • Fv. 50 Hol – Aurland: Snø- og isdekke, somme stader redusert sikt grunna snøføyk. Kolonnekøyring innført klokka 17.40. Stengt klokka 21.47.
  • Fv. 53 Tyin – Årdal: Snø- og isdekke. Klokka 13.40 var det -2 grader, lett bris og snøbyer.
  • Fv. 60 Utvikfjellet: Bart og vått klokka 13.00.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stort sett snø- og isdekke. Kan vere redusert sikt enkelte stader grunna snøføyk.
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring.
  • Gaularfjellet er stengt for vinteren.

Lastebil laga trøbbel i Bergen

Utanom fjellovergangane er det fri ferdsel på dei største utfartsvegane i Vestland, men tidlegare denne dagen var det store problem på E39 ut av Bergen.

Køen stod nærast stille frå IKEA til Knarvik, skriv Bergenavisen.

Årsak: Ein lastebil hadde tatt opp i taket i Hordviktunnelen. Det førde til skade på to vifter, der den eine måtte settast på plass igjen før vegen kunne opne igjen, fortel Elnes.

Også på omkøyringsvegen via Salhus måtte stengast fordi ein trailer fekk problem på den tronge vegen. Då hopa køane seg opp alle plassar.

Då Firda snakka med Vegtrafikksentralen i 17-tida hadde køen løyst seg opp.

Hald deg oppdatert på siste nytt på vegvesen.no.

Les også

Gladnyheit frå meteorologen: – Det kan bli kvit jul

TIPS OSSMMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33