Sjukepleiar testa positivt for korona

NY SMITTE: Ein sjukepleiar som jobbar ved Nordfjord sjukehus har fått påvist koronasmitte. Det melder Helse Førde tysdag føremiddag.

NY SMITTE: Ein sjukepleiar som jobbar ved Nordfjord sjukehus har fått påvist koronasmitte. Det melder Helse Førde tysdag føremiddag. Foto:

Ein sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus, som jobba på same vakt som den svenske vikarlegen, har testa positivt på covid-19. Pasientane som var i kontakt med legen har så langt testa negativt for korona.

DEL

Sist fredag testa ein svensk vikarlege ved Nordfjord sjukehus positivt på koronaviruset.

Testresultata for pasientar og tilsette som har hatt nær kontakt med legen blei klare måndag kveld. Dei viser at ein sjukepleiar som jobba saman med den svenske legen på ei vakt, har testa positivt.

Sjukepleiaren er no i heimeisolasjon.

Dei som vart sette i karantene før helga er no testa, bortsett frå ein tilsett, melder helseføretaket.

Gjekk to vakter til

Etter det sannsynlege tidspunktet for smitte, vakta då sjukepleiaren og legen jobba saman, gjekk sjukepleiaren ytterlegare to vakter på sengeposten, ifølge Helse Førde.

Det gjer at nokre fleire pasientar som låg på sjukehuset då, må isolerast på einerom og bli testa.

– Arbeidet med å spore pasientar og tilsette som sjukepleiaren har hatt kontakt med, starta i går kveld og held fram utover dagen i dag. Det blir også gjort tiltak for å avgrense ytterlegare smittespreiing, seier direktør for medisinsk klinikk, Trine Hunskår Vingsnes, i pressemeldinga.

Helse Førde skriv at dei ikkje kan sjå vekk frå at fleire kan ha blitt smitta og komme til å teste positivt seinare.

Stengt for nye innleggingar

Nordfjord sjukehus er framleis stengt for nye innleggingar på sengepost og overføring av pasientar frå andre sjukehus. Pasientar frå Nordfjord som treng sjukehusinnlegging vert lagt inn ved Førde sentralsjukehus.

Det melder Helse Førde tysdag føremiddag.

Firda kjem tilbake med meir.

Retting: Helse Førde melde først at sjukepleiaren har vore i heimekarantene frå måndag kveld. Seinare vart dette justert til at sjukepleiaren er i heimeisolasjon.

Artikkeltags