Sjukeheimane har innført tilgangskontroll. – Kun heilt spesielle tilfelle gir besøk

BESØKSRESTRIKSJONAR: Kun heilt spesielle tilfelle gir lov til besøk no, seier Kirstin Bruland, kommunalsjef for omsorg i Sunnfjord kommune.

BESØKSRESTRIKSJONAR: Kun heilt spesielle tilfelle gir lov til besøk no, seier Kirstin Bruland, kommunalsjef for omsorg i Sunnfjord kommune. Foto:

– På grunn av koronautbruddet er det berre familiar og pårørande til dei som er alvorleg sjuke eller døyande som får komme på besøk.

DEL

Det seier Kirstin Bruland, kommunalsjef for omsorg i Sunnfjord kommune.

I går skreiv Firda om Tore som reagerte på manglande informasjon og tiltak frå kommunen. Tiltaka har no blitt skjerpa.

– I går sette vi i verk besøksrestriksjonar. Då skulle alle som kom på besøk vaske hendene godt og bruke antibac, seier Bruland.

I dag har situasjonen endra seg, og det har blitt strengare tiltak. Mellom anna har Helse Førde innført tilgangskontroll ved hovudinngangane.

Strengare restriksjonar har det også blitt på alle sjukeheimane i Sunnfjord kommune.

– No kan ingen komme på besøk til sjukeheimane utan å ha inngått avtalar med leiinga. Dette blei innført i dag.

– Så det er ingen som kan komme på sosiale besøk til dei som bur der?

– Nei, det er berre heilt spesielle tilfelle som gjeld no. Det er berre dei som er døyande eller alvorleg sjuke som får besøk.

FHI forventar full epidemi frå mai til oktober 2020, så akkurat kor lenge slike restriksjonar kjem til å vare er vanskeleg å føresjå.

– Vi har møte kvar morgon, og jobbar med problemstillingar rundt korona kontinuerleg. Retningslinene kan endre seg frå time til time.

– Korleis blir det sosiale for dei som er på sjukeheim no utan besøk?

– Det er ei oppgåve som dei som jobbar på sjukeheimen får løyse. Det er snakk om at dagsentera kjem til å få reduserte tider, og at dei tilsette då kan jobbe på sjukeheimar. Men det er ikkje bestemt, og det er førebels for tidleg til å ta stilling til omplassering av personell.

Artikkeltags