Dårleg oppførsel og utmattingstaktikk

PASIENTOMBODET: – Fleire som kontaktar oss, kvir seg for å klage på kommunehelsetenestene, seier pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes.

PASIENTOMBODET: – Fleire som kontaktar oss, kvir seg for å klage på kommunehelsetenestene, seier pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Pasientombodet merkar auke i klagene på kommunehelsetenesta.

DEL

Pasient- og brukarombodet i fylket får inn stadig fleire klager på dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og aller mest blir det klaga på fastlegane i kommunane. Det er dobbelt så mange problemstillingar som gjeld fastlege, som den nest største gruppa helsepersonell – ortopedane i spesialisthelsetenesta – skriv pasientombod Lisa Førde Refsnes i si årsmelding for 2014.

Dei fleste henvendingane handlar om pasientskadar eller komplikasjonar.

Uhøflege legar

– I den kommunale helsetenesta får vi i tillegg til dette meldingar og spørsmål om mangelfulle rutinar, systemsvikt, dårleg oppførsel til helsepersonell og manglande medverknad og samtykke til helsehjelpa for pasienten, samhandling og informasjon. Når det gjeld dårleg oppførsel til helsepersonell er det i hovudsak legar som jobbar i den kommunale helse- og omsorgstenesta vi får meldingar om, skriv Pasientombodet.

Til Firda seier Refsnes at dei i klagesaker også opplever ein større profesjonalitet hos Helse Førde enn hos kommunane:

– Det er skilnader kommunane imellom, men vi opplever at ein der snarare blir personleg indignerte, går i forsvarsposisjon og reagerer med sinne. Hovudsakleg opplever vi dette i dei små kommunane, seier ho.

"Kva vedtak?"

Ei av utfordringane i den kommunale helse- og omsorgstenesta er at kunnskapen om regelverket er for dårleg, seier Pasientombodet.

– Gjeld klagen til dømes avslag på sjukeheimsplass eller heimehjelp, ber vi om å få sjå vedtaket. Då har vi opplevd å få til svar: "Kva vedtak? Vi har ikkje noko vedtak, vi har teke dette munnleg". Vi har sett tilfelle der folk har blitt pålagde å flytte frå heimen sin utan skikkeleg grunngjeving, og der sakshandsamarane seier i ettertid at "slik gjer vi det her hos oss".

Utmattingstaktikk

I årsmeldinga peikar Pasientombodet på to konkrete døme. Det eine galdt ein pasient som framleis ønskte å bu heime med familien, men som kommunen ville flytte på sjukeheim, og der kommunen etter Pasientombodets meining dreiv rein utmattingstaktikk, for å sleppe å måtte tilby innbyggarane sine heimesjukepleie på kveldstid. Først åtte månader etter at Pasientombodet kom inn i saka, la kommunen kravet om sjukeheim dødt. Det skjedde kort tid etter at media vart orientert om saka.

I det andre tilfellet fekk ein eldre pasient avslag på søknad om sjukeheimsplass, utan anna grunngjeving enn ei munnleg orientering om at pasienten var "for frisk". Pasientombodet bistod pasienten og pårørande i eit langt møte om saka, og der representantane for kommunen først og fremst var opptekne av å forsvare seg mot kritikken. Avslaget vart endra, men dette opplyste ikkje tenesteleiaren i kommunen om, før møtet skulle avrundast.

– I staden for å seie dette innleiingsvis, let dei ein eldre, sjuk pasient sitje på pinebenken i to timar, skriv Pasientombodet i årsmeldinga.

Uroa

Der seier Refsnes frå i klartekst:

– Vi er uroa over manglande sakshandsamingskompetanse og profesjonalitet i einskilde kommunar. Å møte pasientar eller pårørande som har klaga på helsehjelp kan vere krevjande. Det kan vere vanskeleg å forholde seg til kritikk. Vi forventar likevel at kommunane klarar å vere profesjonelle på dette, og freiste å få til ein sakleg og konstruktiv dialog med dei som har klaga. Altfor ofte ser vi at tenesteytarar i kommunane har ei uprofesjonell framferd, der dei vert personleg indignerte, går i forsvarsposisjon. Vi stiller også spørsmål om det i einskilde saker har gått personleg prestisje i sakene frå tenesteytarane si side.

Pasientombodets røynsler tyder også på at mange i Sogn og Fjordane kvir seg for å klage på helsetenester etter ei uønskt hending; at dei tykkjer det er for belastande å stå i ei slik sak, og at dei er redde for repsaliar i form av dårlegare pasientbehandling.

– Vi meiner det er viktig at kommunane i Sogn og Fjordane legg til rette for at brukarane av dei kommunale helse- og omsorgstenestene torer å klage på svikt i tenestene, skriv Pasientombodet.

Artikkeltags