«Eg er evig takksam for veggen som traff meg midt i trynet»

Ingeborg Sol Fure

Ingeborg Sol Fure Foto:

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Les Facebook-innlegget som Ingeborg lenge lurte på om ho skulle tore å publisere.

DEL

LesarbrevI mars 2014 kollapsa kroppen min så det sang i veggane. Eg hadde holdt eit for høgt tempo i for mange år, og strikken rauk over natta. Etter månader med hjertebank, nattesvette, søvnproblem, oversenibilitet, angstanfall og synsforstyrringar klarte ikkje kroppen min meir og smertene slo ut i alle muskler og ledd. Eg vart fysisk sjuk. Eg kunne ikkje røre meg utan smerter. Dei varierte i styrke og innimellom var dei til å leve med. Andre dager så sterke at eg sov heile dagen. Eg grein mykje og skjønte ikkje kva som var gale, legen fann ingen feil.

Eg var overtydd på at eg hadde fått ME og såg for meg eit liv lenka til senga i eit mørkt og lydisolert rom. Det var ikkje dette eg ville!! Eg ville ha mitt aktive liv attende!! Litt etter litt skjøna eg at venar og familie delvis hadde venta på smellen. Dei åtvara meg mange ganger om at eg måtte roe ned og ikkje ha 12 baller i lufta samtidig, men eg følte eg meistra det, og eg elska å ha det travelt - springe frå det eine til det andre. Og det gjekk heilt fint. I 5 år.

«Kroppen min gav meg 1000 signal på at eg måtte roe ned. Men eg lytta ikkje. Eg kunne dette, eg ville dette og MÅTTE dette!»

Kroppen min gav meg 1000 signal på at eg måtte roe ned. Men eg lytta ikkje. Eg kunne dette, eg ville dette og MÅTTE dette! Eg hadde mål og ambisjonar og eg ville nå dei! Kvile kunne eg gjere når eg fekk tid. Men det var sjeldan. Det tok meg eit halvt år å stable meg nokon lunde på beina att. Såpass at eg hadde overskot til å trene litt i tillegg til jobb. Eg har pressa meg, men veldig forsiktig og utan mål eller krav. Eg har lytta og kjent etter. Om det er viljen eller kroppen som seier nei. Kroppen min snakker til meg på ein anna måte no enn før eg vart sjuk, eller så er det berre eg som lytter meir. Eg er evig takksam for veggen som traff meg midt i trynet for 11 månader sidan.

Eg er GLAD eg vart sjuk! For no lytter eg. Eg prioriterer, eliminerer og tek lettare på ting. Livet skal ikkje vere ein kamp mot klokka, mot krav og mot mål. Livet skal være ein leik i kontraster, og eg skal lære og reflektere, vokse og utvikle meg - men det skal være på kroppen min sine premisser, ikkje på egoet mitt sine. Mange vil kjenne seg attende i det eg skriv her. Vi set uhorveleg store krav til oss sjølve, som vi føler vi er nødt å nå viss vi skal vere gode nok. Vi overkompanserer for dårleg sjølvbilde - og vil ikkje inrømme det, vi kamuflere det med "ambisjoner".

Din største konkurrent er ikkje dei andre, det er deg sjølv. Det er DU som vil dette, som ønsker å nå lenger, bli betre, prestere meir. Din største fiende er difor dine eigne krav til kva du ønsker å vere. Å finne balanse er ikkje lett, det krev at du har tid til overs. Til å puste, reflektere, kjede deg litt og til å faktisk ha eit val. Om du vil ligge på sofaen og ete snop, eller om du vil trene. Du er ikkje mislykka om du VEL det første, du er menneskelig!

Det er mulig eg angrer på at eg poster dette, men for augenblinken kjenner eg at det er rett. Fordi eg har snakka med andre som har møtt veggen og leitar etter ei diagnose. Diagnosen er ikkje at du er svak. Den er at du har vore sterk alt for lenge og pressa deg for hardt.

La kropp og sinn kvile. Ta eit FRIÅR i staden for Helvetesåret som alle andre snakker om. KOS deg! Drikk vin på ein onsdag! La klevasken ligge i maskina og vask den på nytt etter 2 dager! Gje litt faen og gjer som DU vil, ikkje det du trur krevst av deg. Lær deg noko nytt! Og værsåsnill: gå på ein yogatime og oppdag at du kan elske deg sjølv NETT slik du er i dag!!!

Kroppen min gav meg 1000 signal på at eg måtte roe ned. Men eg lytta ikkje. Eg kunne dette, eg ville dette og MÅTTE dette!

Artikkeltags