Frisko hjelpte Nellie (18) gjennom kreft og tilbakefall

Nellie Hilde Hauge har fått mykje styrke og motivasjon frå hesten Frisko gjennom tenåra som har vore prega av kamp mot kreft.

Nellie Hilde Hauge har fått mykje styrke og motivasjon frå hesten Frisko gjennom tenåra som har vore prega av kamp mot kreft. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Hesten gav motivasjon og styrke gjennom kreft, cellebehandling, tilbakefall, stamcelletransplantasjon og rehabilitering.

DEL

14 år gammal fekk Nellie Hilde Hauge frå Utvik den utenkjelege beskjeden. Ho hadde hatt influensa ei tid, og hadde slite med svimmelheit. Det fekk familien til å ta ho med på legen, og den 21. februar 2011 var ho og mora innom tre forskjellige sjukehus før beskjeden kom.

– Eg fekk beskjed om at eg hadde akutt lymfatisk leukemi. Altså blodkreft. Det er klart eg vart redd, det er ikkje muleg å ikkje bli det, sa Nellie til Firda i eit intervju i 2012.


2012: Då Firda snakka med Nellie i 2012 hadde ho fått melding om at ho ikkje hadde fleire kreftceller i kroppen. Foto: Svein Rune Kjøllesdal

Etter mange lange tøffe behandlingar fekk ho i mai 2011 beskjed ho gladmeldinga om at beinmargsprøvene ikkje inneheldt fleire kreftceller. I 2012 var Nellie blitt så sterk at ho gjennomførte eit minneløp på 10 kilometer for Grete Waitz. 


2012:Nellie etter at ho hadde gjennomført løpet «10 for Grete». Foto: Svein Rune Kjøllesdal

Så kom tilbakefallet

Sjølv om beinmargen var fri for kreftceller, måtte Nellie halde fram med behandlinga heilt fram til 2013. Men i april 2014 kom likevel tilbakefallet. Heile sommaren vart brukt på sjukehus, og når det vart haust måtte ho gjennom ein stamcelletransplantasjon.

Gjennom åra med sjukdom har riding og stundene i stallen vore eit stort høgdepunkt i livet.

– Eg begynte å ri året etter eg blei sjuk. Mamma og pappa såg fort kor nyttig det var for meg, både fysisk og psykisk. Då kjøpte dei ein eigen hest til meg. Eg trengde berre å sjå på ein hest før eg visste at det var denne eg ville ha, seier Nellie om sitt første møte med Frisko.

Eit pusterom i sjukdommen

Hesten Frisko vart den største motivasjonen for å komme seg gjennom den knallharde behandlinga og attende til kvardagen.

– Eg ville bli frisk sånn at eg kunne komme heim til hesten.

Ho er no ferdig med stamcellebehandlinga og er symptomfri. Sjølv om det må gå fem år før ho kan bli erklært friskmeld er ho begynt å komme i form att. Ho takkar Frisko for mykje av motivasjonen til komme seg gjennom sjukdommen. Stallen blei etter kvart friplassen hennar, og å komme seg dit vart ei sterk drivkraft gjennom alle behandlingane.

– Når er med Frisko kjem eg litt vekk frå sjukdommen. Han gav med eit pusterom der eg slapp å tenke på sjukehus og alt det andre rundt sjukdommen min, fortel ho.

Når Nellie er saman med Frisko får ho ein pause frå alt som har med sjukdom å gjere. No kjenner ho seg frisk, og håpar på å vere det livet ut. Foto: Privat

– Når ein blir sjuk blir det sosiale veldig annleis. Folk blir meir forsiktige rundt deg. Men Frisko brydde seg ikkje om det. Han var berre opptatt av korleis eg behandla han.

Om hesten forstod at ho var sjuk, veit ho ikkje. Men då besøkte han i stallen medan ho var på sitt verste, trur ho han forstod at noko var annleis.

– Rett etter transplantasjonen kom eg inn i stallen og var ganske skrøpeleg. Eg mangla balanse og musklar og gjekk og subba meg bortover. Då viste han respekt for meg sjølv om han merka at eg var svak.

Ser lyst på framtida

Frisko er no kåra til «Noregs Dyrehelt» av Agria Dyreforsikring for å ha gitt tryggleik og omsorg i kvardagen. Det synest Nellie er vel fortent.

I tillegg til å vere ei sterk psykisk støtte har ridinga ei god effekt på rehabiliteringa då det trenar opp balansen, musklar og kondisjon. No har Nellie heile tre hestar heime i Innvik, då Nellie synest Frisko godt kunne få litt selksap i stallen. 

– Det har gitt meg så mykje, fastslår Nellie som no ser lyst på framtida.

– Eg kjenner meg frisk og satsar på at eg er det for resten av livet. Eg har mykje å glede meg til, seier den sterke tenåringen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken