SOGN AVIS: Natt til laurdag tvitra Vest politidistrikt litt for klokka 2 at to husstandar med til saman sju personar er isolerte i Fjærland. Dette på grunn av mykje vatn frå Flatbreen som som gjer at Supphellevegen ikkje er framkomeleg.

- Bebuarane har stengt vegen på eige initiativ fordi det kjem så mykje vatn. Vi skal ringe attende til dei no og eventuelt kopla på Statens Vegvesen og kommunen. Det er også kome noko småstein, og dei frykta større skred, utan at det har skjedd, seier operasjonsleiar Jørgen Ommedal i Vest politidistrikt laurdag morgon klokka 8.