Gå til sidens hovedinnhold

Sju nye koronasmitta i Helse Førde sitt område

Prøvene er tekne i Sunnfjord og Stad kommunar.

Onsdag analyserte Helse Førde 288 koronaprøver. Av dei gav seks utslag på covid-19. Desse prøvene er tekne i Stad og Sunnfjord kommunar.

Ein av dei positive prøvene er frå Sunnfjord kommune. Personen har tre nærkontaktar, to av dei knytt til Mo og Øyrane vidaregåande skule avdeling Mo.

I tillegg til dei seks positive prøvene som Helse Førde melde om torsdag morgon, blei det onsdag kveld avdekt ved hurtigtest at ein person ved skulen er smitta.

Rektor Liv Horvei stadfestar torsdag morgon at det er ein av elevane ved avdelinga på Mo som er smitta. Heile skulen på Mo er no stengd.

Les også

Nær hundre elevar og alle tilsette er sett i karantene

Helse Førde gjer merksam på at kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.