Gå til sidens hovedinnhold

Sju koronasmitta i Helse Førde i helga – to innlagde pasientar

Sjukehuset har også hatt fleire innlagde pasientar med RS-virus i helga.

Gjennom helga har laboratoriet i Førde analysert 63 prøver.

Sju av desse kom tilbake som positive, melder helseføretaket på sine nettsider.

Det er to pasientar som er innlagt med stadfesta covid-19-smitte.

Helse Førde seier det er mange som no testar seg ved hjelp av hurtigtestar. Det vil difor kunne vere mørketal, men tal positive prøver frå Helse Førde vil likevel vise ein trend.

Kommunane kan sjølv velje kvar dei ønskjer å sende koronaprøvene dei har tatt.

Koronaviruset er ikkje det einaste viruset som går rundt for tida. RS-viruset har også smitta mange, både barn og vaksne.

I helga har helseføretaket gitt poliklinisk behandling til to pasientar, og dei har hatt fem pasientar innlagde med viruset.

Les også

77 barn har vore innom sjukehuset med RS-virus

Les også

Helse Førde vil kutte i ambulansetilbodet: – Eg er rett og slett bekymra, seier ordføraren

Kommentarer til denne saken