Gå til sidens hovedinnhold

Sju av ti støttar ikkje prioritert vaksinasjon av politikarar

Heile 72 prosent av dei spurde seier nei til at politikarar på Stortinget skal prioriterast i vaksinekøen, viser ei måling frå Norsk koronamonitor frå Opinion.

Det er berre 18 prosent som støttar avgjerda om at statsrådar og stortingspolitikarar får rykke fram i vaksinekøen. Resten veit ikkje.

– Dugnadsånd og solidaritet har vore framheva som ein styrke i handteringa av pandemien. Befolkninga meiner ikkje at Stortinget treng vaksinar først, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion om målinga.

Regjeringa har vedteke å gi 500 vaksinedosar til samfunnskritisk personell i regjeringa, Stortinget, Høgsterett, FHI, DSB og Slottet. Fleire medlemmer av regjeringa og folkevalde har takka nei til å sleppe fram i køen.

Tysdag spurde Opinion 390 nordmenn om dei støttar avgjerda om at personar på Stortinget blir prioriterte i vaksinekøen. Eit klart fleirtal seier nei, uavhengig av kjønn, bustad, alder og utdanningsnivå. Menn er likevel litt meir positiv enn kvinner.

Clausen understrekar at det er snakk om ei førstedagsmåling. Resultata kan derfor endre seg i løpet av veka.

(©NPK)

Les også

Slik er resultata etter dei siste 84 koronaprøvane

Les også

Malin (21) ser fram til å ikkje lenger tenke på korona

Les også

Rolf-Arne var vaksinert, men fekk likevel påvist korona etter 17.mai-feiringa i Fresvik

Kommentarer til denne saken