Sju av ti er imot auka bygging i strandsona

Av

Berre 7 prosent av dei spurde ønskjer å opne for meir utbygging i strandsona enn i dag, ifølgje ei undersøking utført for Norsk Friluftsliv.

DEL

Undersøkinga , som er gjennomført av Ipsos, er gjord i samband med forslaget som kan gjere det enklare å få dispensasjon for det gjeldande byggjeforbodet i 100-meterbeltet langs sjøen.

I undersøkinga svarer 49 prosent at utbygginga bør reduserast eller stoppast heilt. 20 prosent vil tillate utbygging på same nivå som i dag.

– Undersøkinga viser at regjeringsforslaget om å mjukne opp regelverket er i utakt med ønska til befolkninga, seier generalsekretær Lasse Heimdal i Norsk Friluftsliv.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken