Sju av ti bekymra for at familien blir koronasmitta

Av

Nordmenn flest er først og fremst bekymra for at familiemedlemmer kan bli smitta av koronaviruset, og i mindre grad engstelege for at dei sjølve kan bli ramma.

DEL

Sju av ti nordmenn (68 prosent) svarer at dei er bekymra for at familiemedlemmer kan bli smitta. 17 prosent er ikkje bekymra, medan like mange svarer verken eller.

Det viser Norsk koronamonitor frå Opinion, som har stilt spørsmål til 3.000 nordmenn den siste veka.

Målar dagleg

– Dette er høge tal og viser at svært mange i Noreg bekymrar seg for å bli smitta av korona, men det som openberrt bekymrar flest er at nokon i familien blir smitta av koronaviruset, seier Ola Gaute Aas Askheim i Opinion AS.

39 prosent av dei spurde er bekymra for å bli smitta sjølve, medan 33 prosent ikkje er bekymra.

Eldre mest bekymra

Dei over 60 år er meir bekymra for sjølv å bli smitta samanlikna med dei yngre. Halvparten i denne gruppa svarer bekreftande på at dei er bekymra. Samtidig er dei òg meir bekymra for at nokon i familien blir smitta.

Norsk koronamonitor skal dagleg måle haldningane til nordmenn, åtferdsendringar og erfaringar, og dessutan effekten av utbrotet.

(©NPK)

Artikkeltags