Sju av åtte sjukehus bryt lova – Førde er eitt av dei

BRYT LOVA: Helse Førde har ikkje sørga for at det er tydeleg og tilgjengeleg informasjon om kva pasientar som er utlokaliserte, på kva sengepost dei er og kven som er ansvarleg lege, viser tilsynet.

BRYT LOVA: Helse Førde har ikkje sørga for at det er tydeleg og tilgjengeleg informasjon om kva pasientar som er utlokaliserte, på kva sengepost dei er og kven som er ansvarleg lege, viser tilsynet. Foto:

Statens helsetilsyn meiner sju av åtte sjukehus følgjer opp såkalla «utlokaliserte» pasientar så dårleg at dei bryt lova og utset pasientar for alvorleg risiko.

DEL

Det skriv VG.

I eit pågåande landsomfattande tilsyn er det påvist lovbrot ved Helse Bergen, St. Olavs hospital i Trondheim, Sjukehuset Østfold, Helse Fonna i Haugesund, Sørlandet Sykehus, Helse Førde og Hamar Sykehus.

Når ein pasient vert lagt på ei avdeling enn der han eller ho høyrer heime, vert det kalla utlokalisering. Det er ein måte å møte overbelegg og plassmangel på.

– Pasientar som er flytta på grunn av plassmangel skal, i likskap med andre pasientar, få forsvarlege tenester. Det er helseføretakets ansvar å sørge for dette, seier avdelingsdirektør Ragnar Hermstad i Statens helsetilsyn til avisa.

Dette fann dei i Førde:

  • Helse Førde har ikkje sørga for at det er tydeleg og tilgjengeleg informasjon om kva pasientar som er utlokaliserte, på kva sengepost dei er og kven som er ansvarleg lege. Direktør Trine Vingsnes ved medisinsk klinikk seier at det er sett i verk fleire tiltak etter tilsynet.

– Fylkesmannen har bekrefta at praksisen vår er ok no. Utlokalisering oppstår fordi medisinsk avdeling blir full og vi jobbar for at pasientane skal sleppe å liggje på korridor.

Artikkeltags