Gå til sidens hovedinnhold

Sjøfartsdirektoratet vil ha eige sertifikat for raske båtar

Sjøfartsdirektoratet foreslår at alle førarar av hurtiggåande båtar og vasskuterar må ha eit eige sertifikat. Direktoratet vil òg ha 18 års aldersgrense.

I utgreiinga Sjøfartsdirektoratet har utarbeidd for Næringsdepartementet blir det tilrådd eit eige sertifikat for førarar av båtar som kan køyre raskare enn 50 knop, skriv Dagens Næringsliv.

For vasskuterar blir det tilrådd ei grense på 40 knop, noko som i praksis betyr at alle som vil køyre vasskuter må ha eit slikt sertifikat.

Direktoratet ønskjer òg 18 års aldersgrense for dei som skal få eit slikt sertifikat.

– Visjonen er jo at det ikkje skal skje ulykker med dødsfall eller hardt skadde, og då trur vi eit høgfartssertifikat er ein god idé, seier næringsminister Iselin Nybø (V).

Forslaget skal no ut på høyring og innføringa av eit slikt sertifikat kan tidlegast skje til neste år.

Så langt i år er 12 menneske omkomne i fritidsbåtulykker og talet er aukande etter fleire år med nedgang.

I dag er reglane at alle fødde før 1. januar 1980 ikkje treng båtførarbevis. Dei kan dermed føre båtar opp til 15 meter (rundt 50 fot) uansett fart. Dei som er fødd etter denne datoen må ha eit slikt bevis og vere over 16 år dersom dei skal føre båtar på over åtte meter eller som har ein motor på over 25 hestekrefter.

Les også

Difor ligg «spøkelsesyachten» til kai i Førde

Les også

Jaktar på båtførar på Stadhavet. Fryktar han er rusa og skal gjere seg skade

Les også

Førde-gutar i dramatisk båtulykke. Låg i sjøen då dei vart funne

Kommentarer til denne saken