Sjeldant vêrfenomen kan sjåast i Sunnfjord i dag

SJELDANT: Ein gul gjenstand kan bli synleg på himmelen i dag, ifølgje Yr. no.

SJELDANT: Ein gul gjenstand kan bli synleg på himmelen i dag, ifølgje Yr. no. Foto:

Kan vise seg på himmelen klokka tolv og kanskje klokka tre.

DEL

Eit etter kvart nokså sjeldant vêrfenomen kan kanskje bli synleg på himmelen over Sunnfjord i løpet av onsdagen. Ein gul gjenstand som utstrålar både lys og varme vil kanskje kunne sjåast mellom skyene. Fenomenet vert kalla sol, om du skulle ha gløymt korleis det ser ut.

Ser ein på symbolvarselet time for time på Yr.no, ser ein nemleg at dette kan dukke opp både klokka tolv og klokka tre i dag. Bak ei sky, rett nok, men likevel, då, mann.

Større sjansar torsdag

Statsmeteorolog Magni Svanevik ved Vêrvarslinga på Vestlandet stadfestar at dette kan skje:

– Det er bygevêr, og då kan ein jo få litt sol innimellom, om ein er heldig. Men sjansen er kanskje større torsdag. I dag er det tett mellom bygene, men i morgon, i alle fall først på dagen, blir det lettare vêr, og då er sjansen større for å få litt sol på formiddag og tidleg ettermiddag.

Dagen i dag vil ellers komme med snø og meir snø, seier ho:

– Det blir nok godt med påfyll med snø i dag, så då kan ein kanskje nyte det i litt sol i morgon.

Skal du rekke det, må du ta det rett frå jobben, antydar ho:

– Ja, på ettermiddagen tek det seg kanskje opp med litt bygeaktivitet. Det ligg eit lite lavtrykk og surrar rett utanfor kysten av Vestland, og det er litt uberekneleg.

Kanskje også fredag?

Også fredag kan det hende at sola kikar fram:

– På fredag ser det og ut som vi kan få litt lettare vêr først på dagen, men så tek vinden seg opp, i alle fall på kysten og i fjellet, utover ettermiddagen. Då kan det blir ganske kraftig vind etter kvart, sørleg stiv eller sterk kuling. Etter kvart kjem det og nedbør som regn i låglandet. Snøgrensa ser ut til å ligge rundt 400 meter då. Det kan ligge litt kald luft att i lommer i låglandet, så det begynner kanskje som snø, for så å gå over til regn.

Ho har eit tips til folk som skal på vinterferie:

– Skal ein over fjellovergangar, kan det bli ekkelt utpå kvelden fredag. Det er kanskje lurt å komme seg tidleg av garde.

Artikkeltags