Sjekka bilar og trailerar på E39

Statens vegvesen hadde kontroll ved Førde trafikkstasjon søndag ettermiddag og kveld.

DEL

Dei sjekka til saman 25 bilar, og sjølv om dei ikkje skreiv ut eit einaste gebyr, så var det nokre køyretøy som ikkje hadde alt på stell.

På det eine køyretøyet dei stoppa var det heile fem ting som ikkje var som det skulle: Det var oljelekkasje frå motoren, luftlekkasje frå luftpute, utslitne bremseklossar og eksoslekkasje. I tillegg var det skade på eit dekk, slik at dette køyretøyet fekk bruksforbod.

Eit anna vogntog fekk også bruksforbod. Dette var ein spesialtransport som var feil merka.

Slike bruksforbod er ikkje det same som avskilting. Det betyr at køyretøyet ikkje får halde fram turen før dei har ordna opp i dei tilhøva som gir dei bruksforbod. I samband med denne kontrollen eit skadd dekk og feil merking av last.

I tillegg til desse to vart det også gitt eit bruksforbod for ein større lysfeil.

Fire andre køyretøy fekk munnleg pålegg om å utbetre lysfeil under denne kontrollen.

Godt nøgde etter kontroll på Håbakken

Måndag stilte kontrollørane seg opp og sjekka både små og store bilar ved Håbakken i Sogn.

Der hadde dei 150 køyretøy inne på kontrollplassen, og var stort sett godt nøgde.

– Lite trafikk i dag og mykje bra køyretøy på vegen, melder kontrollørane etter kontrollen.

Dei stoppa likevel to bilar midlertidig. Ein varebil med lov til å ha med 3500 kilo vart lasta tyngre enn det, og måtte laste om før han fekk køyre vidare. I ein spesialtransport mangla følgjeperson det påkravde utstyret som skulle til. Dette måtte dei skaffe seg før dei fekk køyre vidare.

Artikkeltags