Sjekk dette langtidsvarselet!

MEIR AV DETTE: Snøen som har kome ser ut til å bli liggande ei stund. Bildet er tatt på veg mot Steinegga i Jølster. Vêrvarselet er for Ålhus, men er representativt for vêret i store delar av Sunnfjord og Ytre Sogn dei kommande dagane.

MEIR AV DETTE: Snøen som har kome ser ut til å bli liggande ei stund. Bildet er tatt på veg mot Steinegga i Jølster. Vêrvarselet er for Ålhus, men er representativt for vêret i store delar av Sunnfjord og Ytre Sogn dei kommande dagane. Foto:

No blir det – hald deg fast – opplett i fleire dagar.

DEL

Snøen har lava ned frå ytst til inst i Sogn og Fjordane det siste døgnet. Og prognosane tilseier at den også skal bli liggande.

– Ja, det trur eg. Snøbyene som mange har no skal gje seg i løpet av ettermiddagen. Tysdag vil det kanskje kome nokre snøbyer i indre strok, men utover det vil det ikkje kome nedbør dei kommande dagane. Det er også venta rolege vindforhold.

Det seier meteorolog Magnus Haukeland hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Så om du er glad i vinter og snø, så blir det mange fine dagar denne veka, lovar Haugen.

– Det vil vere skya, så temperaturane vil ligge rundt eit par minus- til null grader. Meir er det eigentleg ikkje å seie.

– Dette er absolutt ei forbetring frå dei siste vekene!

– Ja, det skal bli godt med litt pause frå regnet, svarar Haugen.

Artikkeltags