Sjefstrateg: – Dette er eit krakk

Av
DEL

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 12 prosent då børsen opna måndag. Sjefstrateg Christian Lie i Danske Bank meiner det blir feil å ikkje kalle det eit krakk.

– Eit prisfall på 11–12 prosent er av historiske proporsjonar. Det er utruleg vanskeleg å seia korleis dagen vil ende, men at 10 prosent ikkje er eit krakk, blir feil å seia. Dette er eit krakk, seier sjefstrateg Christian Lie i Danske Bank til Dagens Næringsliv.

Børsfallet på 12 prosent frå start er det største sidan 1987. Fallet var redusert til rundt 8 prosent etter tre kvarters handel.

Lie trekkjer fram to spørsmål som vil avgjera kor mykje marknaden vil falle. Dersom Saudi-Arabias varsla oljepriskrig berre skal lokke Russland tilbake til forhandlingsbordet, kan oljeprisen snu relativt raskt. Er det ein priskrig mot amerikansk skiferolje er saka ei anna.

Dessutan meiner Lie den vidare utviklinga av koronaviruset vil påverke marknadene.

– På kort sikt ser dette ganske grufullt ut, meiner han.

Artikkeltags