Styreleiar Rasmus Mo er glad for at Grydeland Lundsholt, som tok til i jobben som teatersjef i 2021, vil halde fram.

– Ho har vist godt og trygt leiarskap i ei krevjande tid for teateret og landet elles, seier Mo. Han peikar på at teatersjefen har takla pandemi-utfordringane svært godt, på lag med dei tilsette.

– Å bli tilbydd nytt åremål etter berre halvtanna år i sjefsstolen gjer meg både glad og audmjuk. Det er eit stort privilegium å vere med og forme kva teater skal vere i Norge i dag, og det er utruleg spennande å no kunne planleggje dei lange linjene heilt til 2028, seier Cecilie Grydeland Lundsholt.

I 2020 fekk Teater Vestland nytt fylke og større turnéområde. Neste år flyttar dei inn i nytt hus. Styreleiaren er glad for å ha Grydeland Lundsholt med på laget i åra som kjem.

– Teater Vestland er inne i ei avgjerande tid med innflytting i nye teaterlokale i den største nynorskklynga i Noreg – Nynorskhuset. Den offisielle opninga er allereie i september neste år. Det ville vore ei uheldig belastning på organisasjonen om arbeidet med tilsetjing av ny teatersjef skulle skje samstundes som teateret har sitt første halvår i nytt hus, seier Mo.