Sjåføren spurde ein forbipasserande om vegen. Det skulle han aldri gjort.

Nokon dagar er berre slik.

DEL

(FIRDAPOSTEN): – Dette har aldri skjedd i alle dei over femti åra eg har jobba som sjåfør.

Det seier den uheldige trailersjåføren frå Trøndelag som skulle frakte betongelement til byggeplassen på Notøbakken i Florø. Han vart sendt på ville vegar, då han stoppa før rundkøyringa på Krokane for å spørje nokon om vegen.

– Han såg på ordrelappen og bad meg ta til høgre i rundkøyringa, og forklara samstundes at vegen kom til å bli smal, men at eg ikkje skulle bry meg med det. Og her sit eg, seier sjåføren til Firdaposten.

Då stod han og traileren bom fast heilt inst i enden av Danielsvika med tre punkterte dekk på godt øydelagde felgar, knuste frontlykter, og utan sjanse til å snu traileren utan hjelp frå bergingsbil. I eine svingen opp mot toppen av bakken har han teke med seg litt av muren og lagt att eine hjulskjermen. I ein annan sving tok traileren med seg deler av eit gjerde – og til slutt datt eine pallekassen av understellet.

Politiet på staden streka under at dei ikkje mistenker at føraren var påverka av alkohol.

Bla gjennom fleire bilde frå ulykka i hovudbildet øvst i saka.

Artikkeltags