Gå til sidens hovedinnhold

Sjåfør stoppa ikkje for UP-patrulje. – Var ikkje forsvarleg å køyre etter

Klokka 22.45 onsdag kveld kom ein UP-patrulje over ein bil i høg hastigheit i Svelgen.

– Dei hadde gjennomsnittsmåling på sjåføren, og den var relativt høg. Men då dei sette på blålyset, responderte sjåføren ikkje, så patruljen let han gå. Det var småglatt og isete i området og patruljen meinte det ikkje var forsvarleg å hente han inn att, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Men, han legg til at politiet nok sit med nok informasjon til at sjåføren kan vente seg ein reaksjon.

Kommentarer til denne saken