Sjåføren er frakta til sjukehus, etter å ha vore ute for ei trafikkulykke i Ottersteintunnelen på fv 609 i Askvoll.

Polititet melder på Twitter at ulykka skal ha skjedd kring klokka 03, natt til tysdag.

Då ambulanse og politi kom til staden, sat føraren fastklemt i bilen. Brannvesen kom til staden for å frigjere sjåføren, som seinare vart send med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Steinar Hausvik, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, fortel at føraren var medviten då han vart henta ut av bilen.

– Vi veit ikkje noko om skadeomfanget enno, men det verkar som ei alvorleg ulykke, seier Hausvik.

Tunnelen vart stend i kring tre timar, då bilen sperra begge køyrefelta. Bilbergar og brannvesen rydda opp på staden, og rett etter klokka 06 tysdag morgon, opna tunnelen for trafikk igjen.

Hendingsforløpet er førebels ukjend. Politiet vil etterforske saka.

Måndag skjedde ei arbeidsulykke i Førde sentrum. Innsatsleiar Øystein Russenes seier politiet har oppretta sak.