Gå til sidens hovedinnhold

Sjåfør krasja inn i leiebil- må greie seg utan førarkortet

Lærdalstunnelen blei stengd etter trafikkuhellet

Klokka 22.07 måndag kveld melde Vegtrafikksentralen Vest at Lærdalstunnelen på E16 er stengd etter eit trafikkuhell.

Like etter melde politiet at det er snakk om ein bil som har køyrt inn i ein leiebil og at det ikkje er meldt om alvorleg personskade. Då Firda snakka med operasjonssentralen kort tid etter var naudetatane på veg til staden. Det var dermed for tidleg å seie noko meir om kva som hadde forårsaka ulykka.

Alle dei involverte i ulykka skal ha vore vakne etter samanstøyten, og politiet reknar med at ulykka ikkje skjedde i høg fart. Bilbergar var rekvirert.

Klokka 23 opplyser operasjonsleiar Hellesund til Sogn Avis at det var ein person i leiebilen. Vedkommande vart ikkje skadd i hendinga. I den andre bilen sat ein mann i 30- åra.

– Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand, seier Hellesund til avisa.

Politiet har oppretta sak og sjåføren må greie seg utan førarkort ei stund.

Tysdag morgon like etter 06.00 er tunnelen open for trafikk att.