Sjåfør fekk motorhavari midt inni tunnel

Prøvde å få hjelp av anna sjåfør, men det enda med at heile tunnelen måtte stenge.

DEL

Ein uheldig sjåfør har fått trøbbel i Masfjordtunnelen på E39. Det melder vegtrafikksentralen fredag ettermiddag.

– Det var mest truleg motorhavari. Sjåføren fekk hjelp av ein annan bil og kom seg nokre meter, men så måtte dei gi opp. Då dei begynte å vandre inne i tunnelen, bestemte vi oss for å stenge den, seier John Andreas Omdal i vegtrafikksentralen til Firda like etter klokka 13.00.

Bilberging er på veg og vegen kan truleg opne att om ei lita stund, seier Omdal.

Artikkeltags