– Eg veit ikkje om andre som er så unge, seier ein smilande Florø-gut etter at han har dømt 2. divisjonskampen for kvinner mellom Førde og Fyllingsdalen.
– Eg synest det gjekk heilt greitt. Og det var ikkje så vanskeleg, seier 12-åringen som i lang tid har blitt sett på som eit unikt dommartalent.
Sidan han var liten
Noko ikkje minst onkel og tidlegare leiar i dommarkomiteen i fotballkrinsen i Sogn og Fjordane, Robert Endestad, har vore klar på.
– I utgangspunktet skal du ikkje få dømme seniorar før du er 15 år. Men når det gjeld Sivert så har det vore veldig spesielle omstende rundt han. Han har nærast «budd» i hallen sidan han var to-tre år, og har ei unik forståing for spelet, seier Robert Endestad, som likevel ikkje vil bruke ungguten for mykje i tida som kjem.
– Det er litt viktig at vi ikkje skundar oss for mykje. For Sivert er framleis berre tolv, og sjølv om han verkar myndig og roleg når han dømmer, så må vi ha litt is i magen, seier Endestad etter at ungguten fekk debuten sin med vaksne spelarar.
Hovuddommar
– Heime i Florø dømmer eg stort sett smågutelag, med spelarar som er eitt eller to år eldre enn meg. Dessutan dømmer eg så mykje som mogleg i moderklubben Florø, seier 12-åringen og har klare ambisjonar som fotballdommar.
– I dag gjekk eg på linja i debutkampen min med seniorane. Men målet mitt er sjølvsagt å vere hovuddommar, seier 12-åringen og fekk skryt av trenarane etter kampen.
– Veldig kjekt at så mange kom bort og sa at det var godt dømt, smiler 12-åringen og får også ros av Robert Endestad.
– Ja, dette var god innsats. Av begge assistentdommarane. Og når eg ser at Sivert har alt rett på teoriprøva som dommar, så forstår eg at vi har eit unikt dommartalent, seier han.