– Eg trivst godt i København, så eg har berre blitt buande, seier Siv Therese Bjørkedal (45).
Ho flytta frå Førde til København for 25 år sidan for å studere ergoterapi.
Det var tilfeldig at ho søkte på studiet.
– Eg visste ikkje heilt kva det var før eg begynte å studere, medgir ho.
Planen var å flytte heim til Førde då ho var ferdig utdanna, men slik gjekk det ikkje. Bjørkedal fekk tilbod om jobb i psykiatrien frå ein av praksisplassane ho hadde vore på under utdanninga.
Ho takka ja til tilbodet.
Kjenslerik dag
Det er tydeleg at ho har trivast i jobben som ergoterapeut. Ho tok mastergrad i 2014, og i starten av desember disputerte ho for doktorgradsavhandlinga si.
– Disputeringa er eit forsvar for forskingsoppgåva som eg leverte for nokre månader sidan, forklarer ho.
Oppgåva er ei samling av forskingsartiklar som har blitt publiserte gjennom prosjektet. Dei handlar om å ha meiningsfull aktivitet i eit sjukdomsforløp. Det kan vere alt frå å ha noko å stå opp til, til å drive med noko som ein ser på som meiningsfylt og engasjerande, til dømes fritidsaktivitetar, skule og utdanning.
– Det handlar om dei kvardagslege tinga vi tek for gitt når vi er friske, fortel ho.
Bjørkedal fortel at dagen for disputeringa var prega av nervar og spenning, men at letta var stor då det heile var over.
Skal gjere kvardagen mogleg
Som ergoterapeut jobbar ho med menneske som står i ein sjukdomssituasjon, anten mellombels eller kronisk. Ergoterapeutar ser på samanhengen mellom helse, trivsel og kvardagen.
Jobben hennar går ut på å skape moglegheiter for at folk kan gjere kvardagen mogleg.
Framover skal Bjørkedal halde fram med nye forskingsprosjekt for Psykriatrisk Center i København. Der er ho tilsett i forskingsavdeliga.
Men først skal ho ta seg ein vel fortent juleferie. Den skal ho bruke saman med storfamilien.
– Vi pleier å ha annakvart år hos familien i Korssundet og i København. I år skal vi feire med familien i Danmark, avsluttar ho.

Michael bur i Naustdal og jobbar i Stavanger

Asbjørn lever av å lage youtube-videoar. No har han ein halv million følgjarar
