Vil sjå bort frå bokmålsfleirtal i folkerøysting

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Florø barneskole bør bli nynorskskule, meiner rådmannen i Flora, sjølv om bokmålet fekk eit lite fleirtal i ei folkeavrøysting om saka.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

For tre år sidan vedtok bystyret at nynorsk skulle vere offisiell målform ved skulen, som no er den einaste bokmålsskulen i kommunen. Årsaka er at ein overveldande majoritet av elevane nyttar nynorsk på det som ein gong var ein bokmålsbastion.

Ved årsskiftet var det 501 elevar ved skulen, og av desse nyttar 392 elevar, 78,2 prosent, nynorsk, medan 109 elevar, 21,8 prosent, nyttar bokmål. Av dei 109 bokmålselevane er 36 framandspråklege medan 10 kjem frå andre opptaksområde.

Bokmålsforbundet protesterte på nynorskvedtaket i bystyret og melde saka til Fylkesmannen som bad kommunen halde rådgjevande folkerøysting om saka. Folkerøystinga vart avvikla i november 2005 og gav eit lite fleirtal for bokmål.

Rådmannen meiner valresultatet ikkje kan seiast å vere representativt, mellom anna fordi mindre enn ti prosent av dei røysteføre deltok. Også foreldrearbeidsutvalet ved skulen ber kommunen om ikkje å leggje vekt på resultatet, medan Bokmålsforbundet på si side ber kommunen om å respektere valresultatet.

Les heile saka i avisa.

Artikkeltags