Statnett sende i går konsesjonssøknaden for den planlagte gigantkraflinja frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre til NVE. Planane vart lagt fram på eit møte i Hornindal i dag. Den omstridde skissa som gjekk på å la lina gå langs store deler av "Astrup"-landskapet ved Jølstravatnet er no lagt vekk.
Ønskjer austre trasé
Det som er klart er at Statnett ønskjer at lina mellom Moskog og Leivdal skal følgje austre trasé over Førde, Jølster og Hyen til Åskora kraftstasjon i Ålfoten (sjå blå strek 2.0 og 2.10 i kartet).
Dyrare i vest
Alternativt søkjer Statnett om å få byggje vestre trasé mellom Moskog og Leivdal over Eikefjorden (strek merka 1.0), men denne set dei ikkje øvst på ønskjelista fordi dette trasevalet vert 100 millionar kroner dyrare.
2 milliardar
Kraftlina skal ha 420 kV spenning, og vert 250 – 300 kilometer lang, avhengig av traséval. Leidninga med transformering vil totalt sett koste ca. to milliardar kroner.
Sikrar forsyning
Det er først og fremst trongen for å sikre straumforsyninga i Midt-Norge som er bakgrunn for leidninga, men den vil også bidra til å betre forsyninga i Sogn og Fjordane. NVE skal behandle søknaden, og utgreiingar vert sendt ut på høyring til alle grunneiere som kan bli berørt og andre berørte parter.
Ferdig i 2011
Etter planen skal den nye leidninga kunne vere ferdig bygd i løpet av 2011 om konsesjonsvedtaket kjem neste år.