Vestlendingane held godt på dialekten

Artikkelen er over 11 år gammel

Vestlendingane held godt på dialekten sin og let seg ikkje prega av bergensk i same grad som folk på Austlandet tek opp i seg trekk frå Oslo-talemålet.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

NPK: - Det er ein myte at bergensk et seg så kraftig ut over dei kringliggjande områda, seier professor i nordisk, Gunnstein Akselberg til nettavisa På høyden ved Universitetet i Bergen.

Akselberg held på med eit studium av dialekten blant 120 ungdomar ved Voss gymnas og seier at sjølv om eldre og vaksne klagar på at dei unge på Voss får ei utvatna dialekt, så er det få teikn på at dei tek til seg bergensuttrykk i dialekten.

Rett nok nyttar Voss-ungdommen nokre får symbolformer som noe, mye og se, men Akselberg ser ikkje på dette som ei viktig endring.

Regionalisering av dialektar vil seie at dei store byane i kvar region påverkar språket i områda omkring. Akselberg fortel at talemålsprosjektet hans synte at Vestlandet og Sørlandet var langt mindre prega av dette enn Austlandet.

- Når det gjeld Vestlandet som region er eg av den oppfatning at den gode utviklinga først og fremst kjem av at folk er mykje stoltare av dialekten sin enn før. Dette er nok ikkje tilfeldig, og kan mellom anna knytast til at vestlandsidentiteten har vorte styrka, seier Akselberg.

Artikkeltags