-Verre vegar enn i austblokklanda

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

- Den fartsreduksjonen vegkontoret snakkar om, er i ferd med å kome av seg sjølv, slik vegstandarden i fylket utviklar seg. I dag har Sogn og Fjordane langt dårlegare vegar enn Polen. Folka våre køyrer snart med livet som innsats.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dagleg leiar Arne Nistad i transportfirmaet Magnus Nistad AS meiner underfinansieringa av vegvedlikehaldet er i ferd med å føre Sogn og Fjordane inn i ei samferdslekatastrofe. Han ser inga anna framtidsretta løysing enn at staten tek eit kraftig skippertak på vegsektoren, både når det gjeld nyanlegg og vedlikehald.

-Eg ser ingen annan utveg, når vegnettet uansett skal ta unna ein transport som berre aukar. Det blir heilt feil å møte problema med å akseptere dårlegare vegstandard og skru fartsgrensene ned, slik Johannes Reinen ved regionvegkontoret snakkar om.

Arne Nistad var nyleg i Polen.

-Vi kan ikkje eingong samanlikne vegstandarden på dei viktigaste transportårene i Sogn og Fjordane med det ein har i dei tidlegare austblokklanda. Desse fattige landa rustar i dag opp vegnettet sitt til eit nivå som overgår vårt. Hos oss forfell vegane, seier han.

Ifølgje Nistad, går det dårlege vegvedlikehaldet ut over både bilar, sjåførane si helse, og tryggleiken på vegane.

-Kvardagen til sjåførane er heilt forferdeleg, og vegstandarden svekkjer tryggleiken både for dei og for andre trafikantar, seier Arne Nistad.

Artikkeltags