Vann reklame-pris med fest, sex og brødbaking

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Daniel, Tor og Stig stakk av med førstepremien på 30000 kroner i konkurransen om beste idè til matematikkreklame.

DEL

Etter å ha kartlagt kva ungdomane på skulen driv med i kvardagen, fekk dei inspirasjon til å lage reklame med temaet «go math! Av og til er det greit å kunne matematikk!»

- Vi var veldig nøgde med jobben sjølve, men vi trudde ikkje at vi skulle vinne. Det er skikkeleg kult, seier Daniel Vårdal Haugland (17) frå Florø. Saman med klassekameratane Stig Indrebø (16) og Tor Midtbø (17) har han lagt ned mykje arbeid på reklamen.

Å gjere matematikk kult

Dei går på media og kommunikasjon på Mo og Jølster vidaregåande skule. Sidan januar i år har det meste av tida gått med til å tenkje på, eller lage reklameplakatane.

I januar i år utlyste nettsida matematikk.org ut ein konkurranse for ungdomar mellom 13 - 19 år.

- Det stod at vi skulle utarbeide ein idè til ein kampanje om matematikk. Målgruppa for kampanjen skulle vere ungdom i tenåra, forklarar Tor.

- Vi skulle gjere matte kult, og få unge til å velje det som fag, seier Svein.

Tema frå kvardagen

No ligg tre plakatar ferdig. Den eine syner ei jente og ein gut på sengekanten. Temaet er sex. Den andre er ein fortvila kar med heime-åleine-fest. Den tredje er ei brøddeig som flyt utover sine breidder med ein frustrert gut i bakgrunnen. Alle med klar link til matematikk, og undertittelen på plakatane; av og til hadde det vore greitt å kunne matematikk! For ungdomane på plakatane går ikkje mattestykket opp.

- Ingen av oss er mattegeekar (red. svært oppteken av faget matematikk), men etter å ha arbeidd med dette synest vi det er meir interessant, smiler Tor.

Artikkeltags