Treng hjelp frå fritidsfiskarar

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

Er du glad i å fiske? Då bør du reise til Høydalsfjorden og Norddalsfjorden. Fylksmannen opnar for ekstraordinært fiske etter at regnbogeaure har rømt.

DEL

Fylkesmannen oppmodar alle yrkes- og fritidsfiskarar i området til å vere med å fiske opp mest mogeleg av den rømde regnbogeauren.

Regnbogeauren har rømt i samband med ein brønnbåttransport mellom Steinvik Fiskefarm AS i Seljeset og Slakteriet AS i Florø.

Fisken har rømt gjennom ei inspeksjonsluke som stod open under transporten og lossinga. Auren har ei snittvekt på 3,2 kilo og skal ha bra helsestatus.

Det er førebels ikkje avklart kor mykje fisk som har rømt, men teljing inn og ut av brønnbåten tyder på at om lag 6000 fisk er borte.

Fiskeridirektoratet uttrykkjer sterke bekymring over at det igjen er rømd fisk i fjordfylket, og det er sett ut garn både ved anlegget og Slakteriet AS.

Fylkesmannen opnar for ekstraordinært fiske i tidsrommet frå 3. til 7. november klokka 12 i Høydalsfjorden og Norddalsfjorden. Fisket er avgrensa til området vest for ei line mellom Hopen og Store Høydal i Høydalsfjorden og til vest for riksvegsbrua i Norddalsfjorden.

Artikkeltags