FLORA/LUSTER: Ein bilførar var 1 km/t frå å miste lappen i ein farskontroll i Florø onsdag føremiddag.

– Vedkommande heldt 85 km/t i 60-sona på gamlevegen om Solheim, mellom Krokane og Brandsøy, fortel politiet sin operasjonsleiar.

I Skjolden i Luster, fekk to bilførarar gebyr for manglande bruk av bilbelte under ein trafikkontroll på riksveg 55.