Tre av fire i fylket fyrer med ved

Artikkelen er over 12 år gammel

76 prosent av husstandane i Sogn og Fjordane har peis eller vedomn og 9 prosent planlegg no innkjøp av ny eldstad.

DEL

I Sogn og Fjordane har 7 prosent eldstad først og fremst for hyggens si skuld. 71 prosent nyttar eldstaden primært til oppvarming, mens 21 prosent gir opp både hygge og oppvarming. Det viser ei ny undersøking.

Dei over 50 år brukar eldstaden først og fremst for hyggens si skuld, mens dei mellom 30 og 50 år nyttar i størst grad eldstaden som varmekjelde. Det er aldersgruppa under 30 år som er mest opptekne av at eldstaden både skal fungere som kos og varmekjelde.

Ny eldstad – for miljøets skuld

9 prosent i Sogn og Fjordane planlegg no å gå til innkjøp av ny eldstad.

– Det betyr at det både blir mange nye bustader med peis, og at bustader byter ut sine gamle miljøfiendtlege eldstader med nye miljøvennlege og reintbrennande eldstader som utnyttar energien mykje betre, seier kommunikasjonsansvarleg Linn Andresen i MAXBO som står bak undersøkinga.

Den viser at dei som no skal kjøpe ny eldstad i større grad enn tidlegare legg vekt på oppvarmingsaspektet.

– Trass i at straumprisane ikkje har auka så mykje som det vart varsla i haust, ser vi eit aukande energimedvit i folket, sjølv om menn faktisk vektlegg peiskos meir enn kvinnene, seier Andresen.

Urban hygge

Det er folk i Oslo og Akershus som først og fremst har eldstad for hyggen si skuld, mens ingen er meir opptekne av oppvarming enn folk i Hedmark.

– I urbane strøk er eldstaden eit populært designelement og tøft møbel, seier Andersen til NTB.

Artikkeltags