Det forklarte kvinna frå Sogn og Fjordane, som i dag er 26 år, då ho vitna i Gulating lagmannsrett denne veka.

No er den 51 år gamle stefaren dømd til tre års fengsel, skriv bt.no.

Mannen vart i tingretten dømd til fire år.

– Det skjedde oftast i ei sjøbu i nærleiken av der vi budde, men nokre gonger var det på eit av soveromma heime. Eg torde ikkje å seie noko til mamma, fordi eg var redd for at han ville gjere henne noko viss ho fekk vite det, sa stedottera.

51-åringen var tiltalt for overgrep mot stedottera gjennom fem år, men i retten forklarte kvinna at ho berre hugsar å ha blitt misbrukt i om lag to og eit halvt år, skriv bt.no.

Mannen har erkjent overgrep, men ikkje så grove forhold som stedottera har fortalt om. Blant forholda mannen var tiltalt for, var forsøk på samleie, noko han nekta skuld for.

Juryen svarte derimot ja på skuldspørsmålet også for dette.

I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 100.000 kroner i oppreising til 26-åringen.

51-åringen anka dommen på staden.