To kvinner skôrfaste ved Blånipa

Av
Artikkelen er over 13 år gammel

To kvinner, begge i slutten av 30-åra, gjekk seg laurdag ettermiddag skôrfaste ved Blånipa i Nausdalsfjella. Mannskap frå hjelpekorpset var i 18-tida undervegs for å hjelpe dei to ned.

DEL

Ifølgje politiet skal ingen av dei to kvinnene vere skadde. Men dei var tynt kledde, og hadde teke til å bli kalde, medan dei venta på redningsmannskapa som var undervegs.

Begge kvinnene er busette i området.

Dei to la ut på turen frå skytebana aust for Ramsdalsheia. Det er godt merka sti i terrenget, men tett skodde gjorde at dei to gjekk seg vill, og til slutt hamna i skôrfeste.

Ifølgje operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt varsla kvinnene sjølv via mobiltelefon litt etter klokka 16 at dei hadde gått seg fast, og at dei trong hjelp.

Artikkeltags